1.9.07


Kor høg IQ har du?
Då eg for lenge sidan gjekk på folkeskulen var rekning det faget som var den store prø­vesteinen på om du var skule­flink. Når eg så bar eit gjen­sidig hat til rekning, hamla eg sjølvsagt ikkje opp med dei beste der.
I dag reknar ein med at IQ kan målast på fleire måtar, heldigvis. Ein katalogiserer minst åtte forskjellige slag evner, og eg skal nemna dei:
Den fyrste er den matematiske evne.
Så den musikalske i forskjellig form.
Så den kunstnarlege. Her er variantane mange.
Så den kroppslege. Det vil seie å vera dyktig i idrett og sport.
Så har vi evne til sjølver­kjenning. Altså evne til å for­stå seg sjølv. Kven ein er.
Nokre er og veldig flinke til ­å stella med dyr. Det er ikkje alle som kan det.
Så nemner eg dei med det usedvanlege gode handalag i praktisk arbeid.
Den siste evnen eg vil nem­na, tykkjer eg er veldig viktig. Det er evne til empati. Altså innleving og medkjensle med andre.
Dersom denne evnen er totalt borte hjå eit menneske, kan vi stå overfor ein psyko­pat.
Ein kan vera eit matema­tisk flogvet, men vera kald og likesæl overfor andre men­neske.
Ein kan verta verdsmeister i idrett, men mangla totalt sjølvinnsikt og vera ein superegoist.­
Kor vil du ha din høgste IQ?
Paulus skriv i Kol 3:12. De er Guds utvalde, heilage og kjære! Kle dykk då i inder­leg medkjensle, godleik, aud­mjukskap, spaklynde og tol­mod.
Av forkynnar Odd Dubland i følgjetongen "frå krånå mi" Dagen 27.09.2006





Ingen kommentarer: