9.4.10

SportyPal

Sportypal er mobil-app som gir meg muligheten til å ta opp posisjonering, hvor jeg har vært, hvor lenge jeg har beveget meg, hvor fort jeg har beveget meg, snittfart, toppfart, høyde over havet og så videre. Linken viser skitur til Tomannsbu. Det viser seg at det ikke er alle nettlesere denne presentasjonen fungerer like godt i. Denne bloggoppføringen ble generert på en merkelig måte. Linken til overskriften går ikke til artikkelen men til SportyPal, men det er ikke mulig å redigere på dette siden. Ja, ja.

5.4.10

Gudstenesteleg møte i Oltedal kyrkje

Program for gudstenesteleg møte i Oltedal kyrkje 2. påskedag 5. april kl 1100 ved Odd Dubland.
  • preludiun
  • salme 591. Ånd fra himlen kom med nåde
  • inngangsbønn: Herre, eg er komen inn i dette heilage huset dittog vil høyra det som du talar meg, du Gud Fader, skaparen min,du Herre Jesus, frelsaren min,du Heilage Ande, trøystaren min i liv og død. Herre, lat no opp hjarta mitt med din heilage Ande,så eg kan læra av ordet ditt å syrgja over syndene mine,og tru på Jesus i liv og død,og betra meg kvar dag i ein heilag livnad. Høyr og bønhøyr meg ved Jesus Kristus! Amen.
  • Song av Oddrun Helen Sivertsen og Odd Dubland
  • Syndsvedkjenning og nådetilsagn: Leiar: Lat oss bøya oss for Gud og sanna syndene våre. Alle: Eg har såra deg og svikta nesten min – med tankar og ord, med det eg har gjort, og med det eg har forsømt. Tilgjev meg syndene mine for Jesu Kristi skuld. Skap i meg eit reint hjarta, og gjev meg kraft til nytt liv ved din Heilage Ande Leiar: Guds ord seier: ”Dersom vi sannar syndene våre, er Gud trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd.” Alle: Amen
  • Trusvedkjenning: Leiar: Lat oss vedkjennast vår heilage tru Alle: Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene,oppstoda av lekamen og evig liv.
  • Salme 191. Han er oppstanden. Halleluja
  • Preik. Tekst: Joh.20.11-18
  • Song av Oddrun Helen Sivertsen og Odd Dubland
  • Herrens bøn: Fader vår, du som er i himmelen. Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød. Forlat oss vår skuld, som vi òg forlèt våre skuldmenn. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen.
  • Salme: 187: Deg være ære Herre over dødens makt
  • Velsigning: Leiar: Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.
  • Takkebøn: Klokkar: Herre, eg takkar deg for at du har lært meg kva du vil at eg skal gjera. Hjelp meg nå, min Gud, ved din Heilage Ande for Jesu Kristi skuld at eg må gøyma ordet ditt i eit reint hjarta, styrkast ved det i trua, betrast i ein heilad livnad og ha trøyst av det i liv og død. Leiar: Gå i fred og ten Herren med glede
  • Postludium